Gjennom året har me hatt eit lite produkutviklingsprosjekt med Industriteknologi-elevane. Det er særleg Henriette, frå vg2 klassen, som har jobba mykje med det tekniske rundt produktutviklinga. Etter ynskje frå oss på DH, har ho jobba fram ein fot for ductape/papirbystene våre frå i haust (sjå "Utstilling til Kristin"). Kjelln har og vore til god hjelp!
På bakgrunn av ideskisser frå DH, har Henriette programmert, målt og utvikla designen på CNC maskinene i PIT- verkstedet på skulen.
Foten er laga av rustfritt stål og kryssfiner. Den er og justerbar slik at ein kan ha ulike høgder på den. Kryssfinérplata er laga på DH-verkstedet, og overflatebehandla med dekkbeis. Planen er å spraylakke heile stativet til slutt for å få ein blank og fin finsh.
Produktet er enda ikkje heilt ferdig utvikla. Til hausten vil Osterøy vidaregåande satse på elevbedrifter. Det er tenkt eit tverrfaglig samarbeid mellom Design og handverk, Industriteknologi og Elektro. På design og handverk vil me særleg satse på produktdesign og utvikle gode prototyper.
Bysten er eit godt eksempel på mulighetene som finnst i eit tverrfaglig samarbeid. Ved og å nytte kompetansen på elektro, vil me kunne tilføre ein ekstra dimensjon, i andre type produkt. Det kan bli veldig spennande!
Så kanskje ei av elevbedriftene kan utvikle modellbysten, med tanke på sal? Det er gode forhold for å få produsert slike byster på skulen på dei ulike verkstadane.

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar