Hei! Dette er ein blogg for alle som er interesserte i fylgje prosjekt og problemstillingar me er opptatt av på design og handverkslinja ved Osterøy vidaregåande skule. Bloggen var oppretta våren 2010 og me legg fortløpande ut bilete av elevarbeid og prosjekt me heldt på med. Elevane er og i gang med eigne bloggar som er knytta til denne hovudbloggen. Så de e hjartele velkommen inn i vårt lille store univers....

torsdag 30. juni 2011

Takk for i år skjønne ungdommar!

No er me godt i gang med sommarferien og oppsummeringa av året er byrja å setje seg i tankane. Det har vore eit utrulig inspirerande og kjekt år! Lenge sidan eg har hatt ein full klasse, og energien har kome tilbake i klasserommet. På godt og vondt;-) Det er veldig gjevande å jobba med flotte ungdommar, som eg har blitt glad i, og som har sett spor. Eg ynskjer dåke alle det beste for framtida.  Ta gjerne turen innom skulen når de måtta ha lyst!

Her er eit flott minne eg fekk i avskjedspresang og som eg skal henge opp i min framtidige verkstad:

Rammene er laga av forskalingsmateriale til ein bestefar av ei i klassen.

Teksten er frå Søren Kirkegaard: " Mellom menneske og menneske er dette det høyeste. Disippelen er anledningen til at læreren forstår seg selv, læreren er anledning til at disippelen forstår seg selv"


Teksten her er eit kinesisk ordtak: " Sår du en gang, høster du en gang. Sår du et tre, høster du ti ganger. underviser du menneske, høster du hundre ganger."

 Takk for eit minnerikt år!




2 kommentarer:

  1. åååååå,savne deg irene :( :( du e den beste læraren eg har hatt.. eg skal komma på besøk når eg har ska ta eksamen <3

    SvarSlett
  2. Skjønn du e Annie!!:-)Savna deg og! Kom innom når du e på skulen! Lukka te med eksamenslesing. klem

    SvarSlett