Gjenbruksperioden vår, "Brukandes", er foreløpig avslutta. produkta er innleverte og me er klare for nye utfordringar etter ferien! Det er har blitt stor variasjon i forhold til kva materiale elevane har jobba med. Gjenbruk av kle, er vel det som er mest nytta. Andre materiale er emballasje, datakort, papp og tre. Det viktigaste i dette prosjektet, har vore å jobbe med kreativiteten. Måten sjølve handverket er utført på, er ikkje eit vurderingskriterie. Det som er vektlagt er å sjå potensiale i eit brukt materiale og leike med form og farge. Dokumentasjonen av prosessen, blir og vurdert. Nokon av desse prosessane, er lagt ut på elevbloggane lenger ned.
Denne tunikaen er sydd saman av to kjolar. Detaljane på overdelen er remser av trykk-knappar, frå ein bluse. Magebeltet er demontert og sydd på kjolen, på ein ny måte. Det blir kontrastar i overflate og stil, ru-glatt, mjuk-hard, tynn-tjukk. Prosessen er meir detaljert skildra i elevbloggen: http://juliesetreee.blogg.no/
Denne kjolen er sydd saman av ein langarma gensar og eit skjørt. Eleven har lagt opp armane, laga større utringing og fjerna noko pynt på skuldrene.
Toppen vart og sydd inn i sidene, for å få eit finare snitt, tilpassa skjørtet.
Denne kjolen er sydd saman ein bh og avklipp av ein topp. Det er sydd på knappar i front for lettare å få på kjolen. Stoffligheten i plagga er ganske like og skapar ein heilhet.
Denne kjolen er sydd saman ein bh og avklipp av ein topp. Det er sydd på knappar i front for lettare å få på kjolen. Stoffligheten i plagga er ganske like og skapar ein heilhet.
Ein annan kjole, med svart bunn, er sydd om, frå ein symmetrisk kjole med pynt på skuldrene. Eleven har endra snittet og laga asymetriske skuldre og meir formsydd langs sidene. http://atdh.blogg.no/
Magebeltet er laga av to rosa toppar i ulik stofflighet. I tillegg er det sydd på ein pels frå ein jakke.
Bak er det sydd på perler frå ein annan topp.
Barnekjolen under, byrja som ein stor sommarkjole. Armane er klippa av og det er laga innsnitt framme og bak. Dekor med perler gjer kjolen eit meir yndig uttrykk. Blandt anna er det skreve
"Sunniva" nede på kjolen
"Sunniva" nede på kjolen
Nokon toppar vart gjort om til vesker. Dei er dekorert med perler og ulike saumar
Smykket under er inspirert frå "Brukbart"-utstillinga i haust.
Eit datakortet er saga med baufil, filt og pussa. Prosessen ligg under http://mnstr.blogg.no/
Eit anna materiale som vart utforska var metall frå brusboksar. Utgangspunktet var ein ide om å lage ein hanske i "Nightmare on Elm Street" -stil. Ved å setje fingarne saman på ein ny måte, oppstod ei ny form. Neste steg kan vere å lage ein lampe, ved å stabilisere dei vertikale formene meir, og montere ein sokkel for lyspære, med ledning.
Her er forma sett under. Det er tydeleg kva emballasje som er brukt. Fargane skapar samtidig eit lys-spel.
Den siste lampen er bygd rundt ein brukt sokkel. Byggemateriale er tre, slissa og montert saman med streng.
dekoren er laga av ved hjelp av fargespray og sjablong. Lampen er todelt, med avtagbart lokk.
Dei to siste elevarbeida, blir lagt til i løpet av kort tid.
Etter haustferien skal me jobbe med perspektiv og farge i pastellkritt....I tillegg kjem det hospitantar frå 10. klasse ved Osterøy ungdomsskule. Det blir utdanningsmesse i Osterøyhallen, Arna og Knarvik. I prosjekt til fordjupning på skulen, er fleire elevar i gang med å sy kjole. To elevar jobbar i forhold til utstillingsdesign; med reklamemateriell (heimeside mm.) og dekorering av ein vegg. I prosjekt andre stader, er elevane utplassert på frisørsalongar, i blomsterbutikkar og på ein barneskule. Me skal prøve å oppdatere så godt me kan undervegs.
Vanja var vekkreist mykje av perioden med redesign, men fekk likevel lage seg eit katte-bur av brukte, gamle kassar og tapet.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar