Hei! Dette er ein blogg for alle som er interesserte i fylgje prosjekt og problemstillingar me er opptatt av på design og handverkslinja ved Osterøy vidaregåande skule. Bloggen var oppretta våren 2010 og me legg fortløpande ut bilete av elevarbeid og prosjekt me heldt på med. Elevane er og i gang med eigne bloggar som er knytta til denne hovudbloggen. Så de e hjartele velkommen inn i vårt lille store univers....

tirsdag 29. november 2011

Hospitering

Forrige veke hadde me hospitantar frå 10. klasse ved Osterøy ungdomsskule. Dei var der i to dagar og me prøvde å gje dei eit lite innblikk i kva det vil sei å gå på design og handverk på Osterøy vg. Som i fjor hadde me toving av vesker eine dagen, og litt varierte oppgåver den andre. Ein trivelig gjeng frå ungdomsskulen, som me håpar å sjå meire til, i haust!


Kommunikasjon er vanskelig!
Ei av øvingane me hadde var ei kommunikasjonsoppgåve. Elevane gjekk saman to og to og skulle prøve å forklare kvarandre eit kunstbilete. Den eine skulle forklare kva fargar den andre skulle hente, og beskrive biletet til den andre, berre ved hjelp av ord. den andre skulle prøve å gjengje så godt han kunne på bakgrunn av skildringane. Som de ser av bileta, måtte dei sitte med ryggen mot kvarandre, under heile prosessen, slik at ein ikkje kunne korrigere undervegs.








Og resultata blei fine...........................

Ut frå dette kunstbiletet , fekk me to tolkningar under ..


Denne sirkelen blei skildra på denne måten
 Ein gulfarge er ikkje berre ein gulfarge..


Kanskje litt meir utfordrande å beskrive biletet under?

 Fekk i allefall to, ganske ulike, gjengjevingar..



Ei liggande dame...

 To forsøk på samme teikning..

Mondrian gjekk ganske greitt?..


Og Rothko..


 Og hamburgerforma..
 Godt gjort å klare å plassere rundingar og firkantar-trekantar på rett plass her..


Strekar på skrå....


Ansikt delt opp i gule og rosa former..


God grad av tolmodigheit i denne gjengjevinga....


Leire
Elevane laga og fine skåler i kvitleire, dekorert med amacofargar. Dei står klar til brenning..


Teknikken er handdreiing, bearbeida på kavalettar
Iherdige og positive elevar 


 To be continued.......



2 kommentarer:

  1. Desverre så blir det ikke jeg som skal komme på praksisbesøk til deg i år: ).

    Jeg ville likt og sett hvordan du jobber. Jeg skal passe på å få referat fra "studenten" din (min:)

    SvarSlett
  2. ja da hadde vore kjekt å treft deg igjen Gitte!:-) tenkte Gro skulle få jobba med å laga ein bruksgjenstand/lite møbel i tre inspirert av Osterøy museum. Dei har lyst at me skal ha utstilling der etter påske. Kjekt å følge dine inspirerande og kreative prosjekt og!:-)

    SvarSlett