I går var me så heldig at me fekk besøk av
Institute Nor ved
Anna- Lisa Johannesen og
Håvard Holmaas.
Det er ei bedrift som skal distribuere eksklusive skinnprodukt (bl.a bagar og vesker), produsert av restlager av skinn, frå nedlagte Borge Garveri, på Osterøy. Konseptet til Institute Nor, er at dei vil designe og selje produkt med "historiar". Den første kolleksjonen, som mest sansynleg blir lanser i september 2012, byggjer på historia rundt insitusjonen Borge Garveri og dei folka som jobba der. Dei har brukt lang tid å setje seg inn i historia, intervjue ansatte og har tatt mykje film, i og rundt bedrifta. Naturen på Osterøy er og ein viktig del av stemninga i "reklamefilmen", som er under utarbeiding.
Slik ser ei foreløpig skisse på heimesida ut:
Under har me fått låne nokon av bileta frå oppbygginga av "historia".
 |
| Då samarbeidet starta,var ikkje Borge konkurs. Planen var at Borge skulle levere skinn til deira produksjon. |
 |
| Eksempel på det eksklusive skinnet, som bl.a. vart kjøpt og nytta av store merkevarenamn, nedover i Europa, i tida det var produksjon i "Kårvikje" |
 |
| Erling, ein av dei lengst arbeidande på Borge. Ein institusjon i seg sjølv, som får mykje plass i historieforteljinga. |
 |
| Kreative løysningar på filming... |
 |
"The very last of the very best".
Det blir veldig spennande å følge lanseringa og vidare prosjekt Institute Nor vil jobbe med. me har fått sett eksempel på produkta, og det blir bra! Som ostringar blir me, litt ekstra stolt! |
Etterpå fekk dei ulike ungdomsbedriftene innspel på merkevarebygging kring sine prosjekt.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar