Som nemnt (sjå blogginnlegget under), hadde me besøk av Institute Nor i går. Anna - Lisa og Håvard hadde ein inspirerande intro, der dei fortalte om prosjektet sitt. Etterpå gjekk dei rundt til alle gruppene og kom med mange nyttige innspel. Det som var ekstra kjekt, var at gjestane hadde tru på ideane deira. Noko av det viktigaste i det dei sa, er kanskje at
det går an å tenke stort. Ein må berre tørre å satse!
 |
| Clothes Pocket sine gamle Frank - Shorter stoff, frå Norlender har stort potensiale. Her må ein tørre "å tenke utanfor boksen". Veska har noko meir ved seg enn berre å vere oppbevaring - ein "conversation starter". Kva seier ein etter at jenta har tatt ei sjokkrosa, spraglete lita veske, ut av bh-en? Produktplassering hos Surferosa og Marianne Thommasen? |
 |
Kanskje Arbeidarane allierer seg med ordføraren og inviterer Bygdanytt til å skrive om, når dei vaskar huset hennar ,i gule dressar og legg små hyggelige lappar rundt i huset? Dei er "einerådande på sin marknad", på Osterøy, og kan bere setja i gang. Mange skitne bilar på skulen? I slike tenester er kanskje "ryktet", og jungeltelegrafen, det viktigaste for å få nye jobbar.
Hotpulse, arbeider enda med å utvikle "varmebandet" sitt. Produktet kan har mange mulige målgrupper, alt frå "mormor", til rockegitaristar, og særleg folk som er mykje ute. Kanskje ein kan lage fleire kampanjar retta mot dei ulike grupper? Kunne ein fått ein avtale med Petter Nordthug eller Lars Monsen for å prøve ut effekten?
Gjestane hadde og stor tru på "Lad med Sol" sin bærbare solcelleladar . Eit godt tips kunne vere å spisse målgruppa. Anna -Lisa, kjenner mange i klatrar/seile/ friluftsmiljøet, og meinte at der var det mange potensielle kjøparar. Produkta er bestilt og no gjenstår ein "hard markedsføring- kampanje", med bl.a. ein reklamefilm?....
|
Handy Saw (som no heiter noko anna?) har designa ei
bokstøtte, dei kan produsere på cnc - maskinene på skulen. Materialet er omsmelta metall-restar. I utgangspunktet ei bestilling frå biblioteket på Osterøy. Men kvifor ikkje utvide design, til at støtta og å kunne brukast til t.d. e-bok, eller utstillingar av ulike produkt i nisjebutikkar mm.
Ratz får tips om ei nettside, som viser muligheter i kor eksklusivt "
redesign" av gamal industriestetikk, kan vere. Underteikna har inne ei bestilling på ein sykkelhjul-lampe, og er litt redd prisen no vil gå opp...Håvard og Anna - Lisa, råda dei og til å bruke penger på å ta gode bilete av produkta dei har laga, og få dette ut til folket.
Ungt entrepenørskap si messe er 14. mars i Grieghallen, så det er berre å komme for å sjå kva dei ulike ungdomsbedriftene har fått til.....
Tusen takk for gode innspel, Anna -Lisa og Håvard!
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar